• Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
   

Tilsyn med fyringsanlegg

Sotra Brannvern IKS sin seksjon for feiing og tilsyn med fyringsanlegg har ansvaret for feiing av røykpiper, og tilsyn med fyringsanlegg i budstader og fritidsbustader, samt saksbehandling ved melding om eldstad. Opplæringsansvaret for lærlingar ligg også til denne seksjonen. Seksjonen blir leia av feiarmeister Leif Ole Reithaug.

Publisert av Bjørn Olav Paulsen. Sist endra 01.02.2016

Teglsteinspipe - Klikk for stort bilete

Ved tilsynet kontrollerar feiaren eldstaden for feil og manglar, samt gir råd om fyringsteknikkar og anna brannførebyggjande  informasjon. Bruk anledningen til å spørre feiaren om råd. Dersom han/ho ikkje kan svare kjem vi tilbake med meir informasjon om dette er ønskjeleg.

Ein av våre målsettingar er å oppdage eventuelle feil og manglar før dei fører til brann, og samtidig gje informasjon om korleis den enkelte kan innretta seg for å få redusert sin eigen risiko så mykje som mogleg.

Dersom du ikkje er heime når vi kjem på besøk, eller du av ein eller annan grunn ikkje har fått beskjed, er vi avhengig av at du tek kontakt med oss så snart som mogleg slik at vi kan gjere ei ny avtale.

Sotra Brannvern IKS har ikkje noko med Feie- og tilsynsavgifta å gjere. Den blir fastsett av den respektive kommune. Selskapet er berre den utførande eininga for tenesta. Avgifta blir sendt ut kvart år, sjølv om feiaren kjem på tilsyn/feiing til dømes kvart anna år. Avgifta finn du under "Feiing"

Ønskjer du å vite når det skal vere tilsyn hos Dykk? Ta kontakt med feiarmeisteren på tlf. 922 03 123 eller e-post: lor@sotrabrannvern.no

   
Sotra Brannvern IKS
Tranesvegen 5
5347 Ågotnes
E-post : post@sotrabrannvern.no
Telefon
: 56 33 40 10

Mobil
: 934 41 998 (vakt)
Brann
: tlf. 110
Politi
: tlf. 112
Ambulanse
: tlf. 113
Org.nr.
: 989 030 787

Viste du at...

 
  Det pågår eit prosjekt for å etablere ei ny brann- og redningsteneste under namnet Sotra og Øygarden brannvesen IKS. Det nye selskapet vil har ansvaret for brann- og redningsoppgåver i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Regionen vil ha omlag 37 000 innbyggjarar.
  -

Dagens fakta