• Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
   

Feiing

Sotra Brannvern IKS sin seksjon for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, har ansvaret for feiing av røykpiper, og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader samt saksbehandling ved melding om eldstader.

Opplæringsansvaret for lærlingar ligg også til denne seksjonen. Seksjonen blir leia av feiarmeister Leif Ole Reithaug.

Publisert av Bjørn Olav Paulsen. Sist endra 06.06.2016

Feier - Klikk for stort bilete Sotra Brannvern

Feiing av røykpiper skjer, stort sett, frå tak, men nokre eldre hus har eiga feieluke på loftet. Sot frå pipa samlar seg nedst i pipa og blir teken ut frå sotluka. Feiing er normalt lagt til perioden april - september.

 

 

 

 



Etter at feiinga ble behovsprøvd i 1999 har vi brukt mykje av tida til tilsyn i private budstader. Vi veit på grunnlag av tilbakemeldingar frå publikum, at brannar er avverga på grunn av tiltak som er sett i verk etter at vi har vore på tilsyn. Når det gjeld sjølve feiinga, så skal den utførast etter behov.

Det er feiaren som avgjer kor stort behovet er og han/ho skal sørgje for at feiinga blir utført iht.  dei retningsliner som gjeld. Vi er likevel avhengig av at du som huseigar melder frå dersom fyringsmønsteret endrar seg.

Sotra Brannvern IKS fastsett ikkje Feie- og tilsynsavgifta.  Den blir fastsett av den respektive kommune. Selskapet er berre den utførande eininga for tenesta. Avgifta blir sendt ut kvart år, sjølv om feiaren kjem på tilsyn/feiing for eksempel kvart anna år.

 

Ønskjer du å vite når det skal feiast hos Dykk? Ta kontakt med feiarmeisteren på tlf. 922 03 123 eller e-post: lor@sotrabrannvern.no

   
Sotra Brannvern IKS
Tranesvegen 5
5347 Ågotnes
E-post : post@sotrabrannvern.no
Telefon
: 56 33 40 10

Mobil
: 934 41 998 (vakt)
Brann
: tlf. 110
Politi
: tlf. 112
Ambulanse
: tlf. 113
Org.nr.
: 989 030 787

Viste du at...

 
  Det pågår eit prosjekt for å etablere ei ny brann- og redningsteneste under namnet Sotra og Øygarden brannvesen IKS. Det nye selskapet vil har ansvaret for brann- og redningsoppgåver i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Regionen vil ha omlag 37 000 innbyggjarar.
  -

Dagens fakta