• Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
   

Ofte spurde spørsmål

Brannmannsyrket

Korleis blir eg brannmann?

Arbeid innan brannvern og redning

Lurer du på korleis du kan bli brannmann?
Det er to typar brannmannsstillingar; heiltids tilsett eller deltidstilsett. I vårt korps er det deltidstilsette brannkonstablar. Når me tilset nytt personell så vert det stilt krav til hovudarbeidsplass og bustad nært brannstasjonen, samt god helse og fysikk i tillegg til plettfri vandel. Me utdannar personellet ved intern opplæring samt ekstern kursing, bla kurs i regi av Norges Brannskole (www.nbsk.no). Kort fortalt består utdanninga av eit nettbasert kurs, intern opplæring, RD-kurs og grunnkurs i brannvern. Ledige stillingar hos oss vert lyst ut og du finn dei bla under fana ”Jobb i Sotra Brannvern?” For tilsetting i heiltidsstilling oppfordrar me til å ta kontakt med eit av dei brannkorpsa som har dette som sin ordning.
Kva for bakgrunn har dei som går særskilt tilsyn i t.d. skular, overnattingsstader, næringsbygg m.m.?
Det er fleire innfallsvinklar til dette. Ein kan gå branningeniørutdanning ved høgskulen Stord-Haugesund, ein kan ta feiarutdanning og vidareutdanne seg ved Norges Brannskole, ein kan starte som brannkonstabel og utdanne seg vidare ved Norges Brannskole. Sjå t.d. www.nbsk.no ev. www.hsh.no for meir informasjon.

Bråtebrenning o.a.

Kva reglar gjeld for bråtebrenning?
I Fjell kommune er det med heimel i Forureiningslova utarbeidd ei eiga forskrift for open brenning. Forskrifta regulerer, kort fortalt, kor det er tillate å gjere opp eld i kommunen. Kortversjonen er at det ikkje er lov å gjere opp eld i tettstader i kommune. I Sund kommune er det ikkje utarbeidd tilsvarande forskrift. Ein må då forhalda seg til brannloven §5 om å førebyggje og avgrense skadeverknadar ved brann m.m.

Private bustader

Kor ofte skal det vere tilsyn med fyringsanlegget i private bustader?
Forskriftene seier at alle private bustader, som har eldstade, skal ha tilsyn av feiar minst ein gong kvart fjerde år.
Kor ofte skal piper i bustader feiast?
Det er behovsprøvd feiing, noko som inneber at feiaren skal vurdere kor ofte det er behov for å feie vedkomane pipe, men det skal minimum feiast kvart fjerde år.

Offentlege bygg

Kor ofte må offentlege bygg ha tilsyn av feiar?
Ved behov.

Branndokumentasjon

Kva er branndokumentasjon?
Branndokumentasjon er eit omgrep som kjem frå §10 i lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlige stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven). I branndokumentasjonen skal det gå fram korleis kommunen har etablert og driv eit brannvesen og at det tek i vare førebyggjande og beredskapsmessige oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernloven.
Kven utarbeider branndokumentasjonen i Fjell og Sund?
Sotra Brannvern IKS er delegart all oppgåver som går fram i brann- og eksplosjonsvernloven frå Fjell og Sund kommunar. Unntak gjeld ebrre der lova i klartekst fortel at det er "kommunen sjølv" som kan gjere vedtak. Dette betyr at en branndokumentasjon skal utarbeidast av Sotra Brannvern IKS og vedtakast i Sotra Brannstyre. Som grunnlag for ein branndokumentasjon skal det gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse. Inneheld branndokumentasjonen prinsipielle vedtak skal den avgjerast av kommuenstyra i eigarkommunane.

Spyling av plassar, fylling av brønnar m.m.

Kan eg få hjelp til spyling av vegar, fjellskjeringar eller plassar frå Sotra Brannvern Iks?
Ja, det kan du. Ring 930 04 033/901 90 709 så vil du kunne få nærare opplysningar om dette. Prisen for denne tenesta er basert på faktisk medgått tid, og timeprisen for kjøretøy og sjåfør er for tida kr 2 375,- (kr 1900,- + mva).
   
Sotra Brannvern IKS
Tranesvegen 5
5347 Ågotnes
E-post : post@sotrabrannvern.no
Telefon
: 56 33 40 10

Mobil
: 934 41 998 (vakt)
Brann
: tlf. 110
Politi
: tlf. 112
Ambulanse
: tlf. 113
Org.nr.
: 989 030 787
Fjell kommune
Sund kommune

Viste du at...

 
  Sotra Brannvern IKS er idag ansvarleg for branntryggleiken for omlag 32 000 mennesker i Fjell og Sund kommunar.
  -

Dagens fakta