• Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
   

Kurs i brannvern eller førstehjelp?

Sotra Brannvern IKS har personell med eit høgt kunnskapsnivå når det gjeld brannvern og førstehjelp. Vi kan arrangere kurs for både grendelag, velforeiningar og kommunale og private verksemder. Tema knytt til brannvern og førstehjelp, ev. spesialtilpassa kurs etter kunden sitt eige ønske.

Pris:
- undervisning for barn er gratis
- opplæring i grendelag og velforeninger kr. 1000,-

- for andre, sjå lengre nede på sida

.....

Barnehage og skule

- barnehage
- småskuletrinnet
- mellomtrinnet
- ungdomstrinnet
- vidaregåande skule


Undervisningsmateriell finner du hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap - DSB under "Nyttige tjenester".


Kontaktperson:
Ove Geir stusdal
Tlf.: 480 23 317

.....

Grendelag og velforeninger

Kvart år døyr mellom 50 og 70 menneskjer i brann i Noreg. Branner kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år. Talet tilbake i 2003 var 3,8 milliardar norske kroner eller ca. 7.230,- kroner kvart einast minutt, heile året.

For å bidra til å redusere disse tala, vil ein av Sotra Brannvern IKS sine viktigaste førebyggande oppgåver vere informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane i våre to kommunar. I den samahang tilbyr vi brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Sotra Brannvern IKS stiller gratis, men vi må be om å få dekka utgifter til materiell med kr. 1 000,- per kurs.

Vi ønskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Vi vil vise kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre man har litt trening og kan bruke det man måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om de ønskjer, kunne få prøve forskjellege metodar for å slokke brann, m.a. med skum, vatn og ullteppe.

Opplæringa tar inntil 2 timer og vi vil, om ønskeleg, også bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 19.00 på kvardagar. Dette kan og vere ein fin moglegheit for naboar og venar til å komme saman til sosialt samvær og i tillegg betre branntryggleiken i lokalmiljøet.

Dersom dette verker interessant, ber vi de om å ta kontakt med Sotra Brannvern IKS for avtale.

Vi ser fram til å høyre frå dykk!


Kontaktperson:


Ove Geir Stusdal
Tlf.: 480 23 317 


.....


Private- og kommunale verksemder m.m.

Sotra Brannvern IKS kan tilby skreddersydde kurs innan brannvern og førstehjelp til alle typar verksemder. Opplæringa blir tilpassa den enkelte verksemd ut i frå dei behov og ønskjer som verksemda har. Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd eller på Ågotnes brannstasjon. Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse.

Nokre døme på kurs:
- slokkeopplæring (bruk av forskjellige sløkkjemiddel)
- brannteori (kvifor brenner det og kva skjer når det brenner?)
- grunnopplæring i generelt brannvern (brannteori og slokkeopplæring)
- evakuerings øvelser (med eller utan kunstig røyk) gjerne i kombinasjon med teoriundervisning og slokking av brann
- varme arbeider + resertifisering
- førstehjelp


Ta kontakt for ein uforpliktande prat om moglege løysingar og eventuelt prisoverslag.


Kontaktperson:

Ove Geir Stusdal
Tlf.: 480 23 317




.....

Øvingshengjar

Til den praktiske opplæringa bruker vi vår øvingshengjar. Den er utstyrt med m.a. brennkar, propanflasker, slokkeutstyr og førstehjelpseining.




Publisert av Intraadministrator. Sist endra 11.09.2012
   
Sotra Brannvern IKS
Tranesvegen 5
5347 Ågotnes
E-post : post@sotrabrannvern.no
Telefon
: 56 33 40 10

Mobil
: 934 41 998 (vakt)
Brann
: tlf. 110
Politi
: tlf. 112
Ambulanse
: tlf. 113
Org.nr.
: 989 030 787
Fjell kommune
Sund kommune

Viste du at...

 
  Sotra Brannvern IKS er idag ansvarleg for branntryggleiken for omlag 32 000 mennesker i Fjell og Sund kommunar.
  -

Dagens fakta