• Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
   

Brannvernkurs

Sotra Brannvern IKS kan tilby skreddersydde kurs innan brannvern og førstehjelp til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har. 

Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd, grendalag etc. eller på Ågotnes brannstasjon. Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse. 

Publisert av Bjørn Olav Paulsen. Sist endra 28.05.2015

Bruk av skumapparat - Klikk for stort bilete

Sløkkjeopplæring

Tenk deg at din arbeidsplass brenn. Mennesker kan bli skadd og i verste fall omkomme. I tillegg kan store materielle verdiar gå tapt.

Det tilsettes innsats dei første minuttane kan avgjere om eit branntilløp utviklar seg til ei katastrofe eller ikkje. Veit du og dine kolleger korleis de skal handla dersom det oppstår brann?


Brannteori

Dette kurset gjer ein grunnleggjande innføring i enkel brannteori. Tema som belyses er m.a.:
 

  • Kva er ein brann
  • Korleis kan ein brann spre seg
  • Korleis kan ein sløkkje ein brann
  • Korleis kan ein førebygge brann
  • Røykutvikling og røykspreiiing


Grunnopplæring i brannvern

Dette kurset dekkjer "Sløkkjeopplæring" og "Brannteori".

 

Evakueringsøvingar

Evakueringsøvingar bør gjennomførast jevnleg i alle verksemder. Sotra Brannvern IKS kan legge til rette for/bistå ved desse øvingane og kan, om ønskeleg, leggje inn overraskingsmoment slik at deltagarane opplever øvelsane som mest mogleg realistiske. Ein skal imidlertid alltid på førhand undersøkje om det er nokon som bør varslas på grunn av tidlegere sterke opplevingar knytt til brann.

Ved røyklegging nyttar vi eiga røykmaskin med såkalla "teaterrøyk". Denne er heilt ufarleg og etterlater heller ingen film på overflatar.

-----

For nærare opplysningar ta kontakt med:

  • brannmester Ronny Gilborne på tlf. 922 55 914
   
Sotra Brannvern IKS
Tranesvegen 5
5347 Ågotnes
E-post : post@sotrabrannvern.no
Telefon
: 56 33 40 10

Mobil
: 934 41 998 (vakt)
Brann
: tlf. 110
Politi
: tlf. 112
Ambulanse
: tlf. 113
Org.nr.
: 989 030 787

Viste du at...

 
  Sotra Brannvern IKS er idag ansvarleg for branntryggleiken for omlag 32 000 mennesker i Fjell og Sund kommunar.
  -

Dagens fakta